Vaniljeekstrakt økologisk

‹ Vis fleire CO2-ekstrakt

Produktomtale

Andre interessante produkt

Vaniljeekstrakt økologisk

Økologisk CO2-ekstrakt

INCI: Vanilla Planifolia Fruit Extract

Vaniljeekstrakt vert brukt som dufttilsetjing i kosmetikk og parfyme, og som smakstilsetjing i konfekt, is, kaker, desserter m.m. Det er gult-lysbrunt på farge og er flytande ved romtemperatur. Det har den fine aromatiske duften frå naturleg vanilje.

Dosering: Vaniljeekstraktet er svært konsentrert, og skal tilsetjast i små mengder. Doseringa avheng av kva det skal brukast til, men 0,01 - 0,02% vert foreslått som eit utgangspunkt.

CO2-ekstrahering er ein moderne metode for utvinning av bioaktive stoff i plantar, slik som antioksidantar, smaksstoff og eteriske oljer. Metoden er mild mot plantestoffa, og etterlet f.eks. ikkje restar av løysingsmiddel.

CO2-ekstrakt vert brukt som ingrediens i kosmetikk, parfyme og mat, og til aromaterapi. Dei er svært konsentrerte og skal tilsetjast i lave dosar. Dei er også svært haldbare.