Rosmarin antioksidant økologisk

‹ Vis fleire CO2-ekstrakt

Produktomtale

Andre interessante produkt

Rosmarin antioksidant økologisk

Økologisk CO2-ekstrakt

Brukast som antioksidant i oljer. Forseinkar harskning (oksidering). Dosering:

  • 0,02% - 0,05% til oljer med overvekt av metta feittsyrer.
  • 0,1% - 0,2% til oljer med overvekt av fleirumetta feittsyrer.

Brukast som antioksidant i såper. Forseinkar harskning (oksidering) av såper som er overfeitta. Såper som harsknar, får etterkvart ei   oransje overflate.  

Dosering:

  • 0,1% av den totale mengden av oljer og feittstoff i ei såpeoppskrift.

CO2-ekstrahering er ein moderne metode for utvinning av bioaktive stoff i plantar, slik som antioksidantar, smaksstoff og eteriske oljer. Metoden er mild mot plantestoffa, og etterlet f.eks. ikkje restar av løysingsmiddel.

CO2-ekstrakt vert brukt som ingrediens i kosmetikk, parfyme og mat, og til aromaterapi. Dei er svært konsentrerte og skal tilsetjast i lave dosar. Dei er også svært haldbare.

INCI: Rosmarinus Officinalis Leaf Extract og Helianthus Annuus Seed Oil