Samling: Gry Hammer

Salome er glad produsent av Gry Hammer sin serie av eteriske oljeblandingar. Dei eteriske oljene er blanda med jojobaolje, og kan brukast direkte på huda. Desse oljeblandingane vitnar om Gry sine gode kunnskapar om eteriske oljer og . . . Vis meir +

Salome er glad produsent av Gry Hammer sin serie av eteriske oljeblandingar. Dei eteriske oljene er blanda med jojobaolje, og kan brukast direkte på huda. Desse oljeblandingane vitnar om Gry sine gode kunnskapar om eteriske oljer og hennar lange erfaring med bruk av dei.

Gry Hammer har også valt Salome som produsent av sin serie av kremdeodoranter. I fellesskap har me brukt god tid på å utvikla deodorantar med ein silkemjuk base av pleiande ingrediensar og velluktande og bakteriehemmande eteriske oljer.

Salome er godkjend som produsent av økologisk mat, og me har overtatt produksjonen av Gry Hammer sitt produkt Honningfrisk. 

Når Gry Hammer har valt Salome sine økologiske oljer og honning til sine produkt, kan me garantera at produkta våre kjem frå økologisk og berekraftig jordbruk der

  • innhaldet ikkje har vore sprøyta med kjemiske/syntetiske plantevernmiddel
  • det ikkje har vore nytta kunstgjødsel
  • det ikkje er tilsett kunstig farge eller aroma
  • råvarene ikkje er genmanipulert
  • det er nytta skånsame utvinningsmetodar
  • alle ingrediensane er deklarert

Dei kosmetiske produkta som Salome produserer for Gry Hammer er sikkerheitsklarerte og innmelde i det europeiske kosmetikkregisteret CPNP, og fyller alle deira strenge krav til ingrediensar, emballasje og deklarasjon på etikettar. 

Alle produkta er økologiske. 

Me ynskjer deg mange gode stunder med Gry Hammer sine produkt!