Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Salome

Bivoks økologisk

Bivoks økologisk

Vanleg pris kr 169,–
Vanleg pris Salspris kr 169,–
Sal Utseld
Vekt

Bivoks vert brukt som konsistensgjevar i salvar, leppepomadar, kroppsmør m.m.

Bivoks er også mykje brukt til produksjon av lys. Bruk av bivokslys er helsemessig betre enn parafin- og stearinlys. Han vert også brukt til impregnering av lær og treverk.

Bivoksen vert selt i muffins-størrelse à 50 g.

Bivoks er eit fast feittstoff som smeltar ved 61-65 grader. Bivoks harsknar ikkje som anna feittstoff, og det vert difor ikkje operert med holdbarheitsdato på bivoks.

Salome sin bivoks er norsk og sertifisert økologisk av Debio.

Bivoks er ein av ingrediensane i Salome Kroppssmør

Lag ringblomsalve med Salome Bivoks. 

Bivoks er ein av ingrediensane i skoimpregnering

Biene produserer bivoks gjennom åtte kjertlar på undersida av bakkroppen. Av voksen byggjer dei hexagonale celler der dei oppbevarer egg, honning og pollen. Bivoksen er i utgangspunktet kvit. Gulfargen kjem frå karotenoid i dei feittløyselege stoffa i pollen. Karotenoid er sterke antioksidantar, som også kan danna A-vitamin.

INCI: Cera Alba

Vis alle detaljar