Biene produserer bivoks gjennom åtte kjertlar på undersida av bakkroppen. Dei tygg denne bivoksen, og brukar han så til byggjemateriale i kuben. Voksen er i utgangspunktet kvit. Gulfargen kjem frå karotenoid i dei feittløyselege stoffa i pollen. Karotenoid er sterke antioksidantar, som også kan danna A-vitamin.

Bivoks vert brukt som konsistensgjevar i salvar, leppepomadar, kroppssmør m.m. Lag dine eigne produkt ved forsiktg å varma opp bivoks og utvalde oljer, som f.eks. denne ringblomsalven:

Ringblomsalve

17 g bivoks

17 g sheasmør

92 g (100 ml) ringblomolje

Dette er passande til 3 stk. 50 ml-krukker.

Smelt ingrediensane i vassbad. Rør i blandinga undervegs, og ta henne av varmen så snart alt har smelta. Det er viktig at blandinga ikkje vert for varm, då dei gode vitamina i feittstoffa vert øydelagde ved høg temperatur. Avkjøl litt og hell på krukker.

Dette er ein god sårsalve. Bruk han på småsår og rifter, irritert og sår hud og lett utslett. Eller bruk han som leppepomade og til ekstra tørr hud på olbogar og hælar. Han er også fin som ein stellesalve.

Du kan lesa meir om ringblomen sine gode eigenskapar i Rolv Hjelmstad sitt planteleksikon:

http://rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/cale_off.htm

 

Lys

Bivoks er mykje brukt til produksjon av lys. Bruk av bivokslys er helsemessig betre enn parafin- og stearinlys. Lysa brenn med klar flamme utan å sota, og vert mykje brukt i katedralar for å verna kunstverk.