Blogg

Oil-pulling

24.02.2023

Oil-pulling er ein gammal reinsemetode for å oppnå god tannhelse og generell god helse. Bruk økologisk virgin kokosolje som base, då den har antibakterielle og soppdrepande eigenskapar.

1 drope nellikolje ved tannverk

1 drope tea treolje ved soppbelegg på tunga

1 drope frankincenseolje ved tannkjøttbetennelse

Ha ei drope av den eteriske olja i 1 ss kokosolje. Kokosolja vil smelta i munnen. Hald dette i munnen,  rull rundt i 10 - 20 min. og spytt det ut i bosset. Ikkje i vasken! 

Bivokspapir

21.03.2018

Lag dine eigne bivokspapir

Ved å pakka maten din inn i bivokspapir, unngår du helseskadelege stoff i plast. Det er også meir miljøvenleg.

Bivoks er naturleg antiseptisk.

Norsk bivoks er fri for restar av legemiddel. Salome økologisk bivoks kjem frå norske bier som har levd det gode liv i giftfri natur.

Framgangsmåte:

  1. Klipp til eit tynt bomullsstoff i den størrelsen du ynskjer.
  2. Legg bomullsstoffet oppå eit ark bakepapir. Ha gjerne ein voksduk under.
  3. Riv bitar av bivoksplatene og fordel utover stoffet. Om du har større bitar av bivoks, riv du bivoksen grovt på rivjern og dryssar han utover. Oppbevar gjerne bivoksen på førehand i kjøleskap, så er han lettare å riva.
  4. Legg eit ark bakepapir over.
  5. Sett strykejernet (varme: bomull) over eit felt slik at bivoksen smeltar, og press han utover stoffet.
  6. Gjer dette til heile stoffet er dekt.
  7. Løft av det ferdige stoffet, og la det kolna.

 

 

Flåttmiddel

07.08.2017

Lag flåttmiddel med naturlege ingrediensar:

50 ml planteolje, f.eks. olivenolje,

1 ts kanel,

30 dropar sitronelleolje,

10 dropar eukalyptusolje.

Bland og hell på flaske

 Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Eteriske oljer kan blandast i shampo og balsam utan parfyme. Bruk ca 10 dropar eterisk olje til 100 ml shampo, balsam eller dusjgele. Fine oljer til håret er rosmarin, lavendel, bergamott og ylang-ylang.

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Gurgling:

Ved plager i munn og svelg, slik som munnsår eller halsbetennelse, kan ein nytta eteriske oljer til å gurgle munnen med  for å verta raskare frisk. Gurgling med eteriske oljer er også fint å nytta ved forkjøling og luftvegsinfeksjonar. Ved tidleg bruk kan det kan hindra forkjølinga i å bryta ut. Gode oljer til dette er niaouli og peparmynte. Ein brukar 2-3 dropar olje i eit halvt glas vatn, tar små slurkar og gurglar munn og hals før ein spyttar ut. NB! Skal ikkje svelgjast. Gjer dette 1-3 gongar pr. dag.

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Inhalering:

Inhalering av eteriske oljer er fint å nytta ved forkjøling og luftvegsinfeksjonar. Ved tidleg bruk kan det kan hindra forkjølinga i å bryta ut. Dersom ein har astma, bør ein imidlertid vera varsam med denne metoden, ettersom den varme dampen kan utløysa anfall hjå enkelte. Ein tilrår det heller ikkje til born.

Kok opp vatn og ha over i eit kar. Sit klar med handduk over hovudet og bøy deg over fatet. Ha i 2-3 dropar eterisk olje, og pust roleg inn gjennom nasa, med augene lukka.  Sit slik i nokre minutt, til oljene er fordampa. Gode oljer til luftvegane er lavendel, niaouli, furu, timian, bergamott og appelsin. Kan gjerast etter behov 1- 3 gongar dagleg i inntil ei veke.

Ein kan også inhalera oljene ved å ha 2-3 dropar olje på ein rein klut og puste inn. Dette kan ein bruke ved til dømes kvalme og reisesjuke. Gode oljer til dette er peparmynte, appelsin og ingefær.

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Kompressar:

Ein kan behandla lokalt med eteriske oljer ved å leggja over ein kompress. Denne kan vera varm eller kald. Ein lagar kompress ved å bruka kaldt eller behageleg varmt vatn i ein bolle, blanda 3-4 dropar eterisk olje i 5 ml planteolje, og ha dette i. Legg så ein rein bomullsklut oppå vatnet, slik at denne kan trekkja til seg oljene. Deretter vrir ein forsiktig og legg kluten på det aktuelle området, gjerne med ein handduk over. La liggja på til smertene har avtatt. 

Ein nyttar kalde kompressar ved akutte smerter, slik som forstuving,  hovudverk,  strekk og slag/støt. Til dømes kan ein kjølig kompress med lavendel eller peparmynte på panna lindra hovudverk, og ein kald kompress med rosmarin og lavendel  hjelpa ved overtrakk eller muskelstrekk. Varme kompressar er gode ved kroniske plager, muskelsmerter, menssmerter og magekrampe. Ein varm kompress med merian og muskatellsalvie virkar smertedempande og kompress med kamille, appelsin eller ingefær kan lindra magekrampe.  

 

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Aromavifte/spray:

Ein kan fordela eteriske oljer i rommet ved å bruka aromavifte, oljebrennar eller spray. Dette gjer ein for å friska opp og reinsa lufta, eller for å påverka humør og sansar.  Til aromavifte og oljebrennar nyttar ein 5 – 8 dropar eterisk olje. Til ei sprayflaska blandar ein 10 dropar eterisk olje i 100 ml vatn. Ettersom alle dei eteriske oljene  i meir eller mindre grad er antibakterielle og antivirale, er dei òg fine å bruke i rommet for å unngå forkjøling og anna luftboren smitte. I tillegg gir dei rommet ei behageleg duft.