Lag dine eigne bivokspapir

Ved å pakka maten din inn i bivokspapir, unngår du helseskadelege stoff i plast. Det er også meir miljøvenleg.

Bivoks er naturleg antiseptisk.

Norsk bivoks er fri for restar av legemiddel. Salome økologisk bivoks kjem frå norske bier som har levd det gode liv i giftfri natur.

Framgangsmåte:

  1. Klipp til eit tynt bomullsstoff i den størrelsen du ynskjer.
  2. Legg bomullsstoffet oppå eit ark bakepapir. Ha gjerne ein voksduk under.
  3. Riv bitar av bivoksplatene og fordel utover stoffet.
  4. Legg eit ark bakepapir over.
  5. Sett strykejernet (varme: bomull) over eit felt slik at bivoksen smeltar, og press han utover stoffet.
  6. Gjer dette til heile stoffet er dekt.
  7. Løft av det ferdige stoffet, og la det kolna.