Helsekjelda

Helsekjelda AS har som målsetjing å laga produkt som tilfører kroppen gunstige stoff gjennom huda.

Utvikling av produkta er eit tett samarbeid med lege Geir Flatabø og produsent Sissel Minde. Geir Flatabø har i mange år vore opptatt av funksjonell medisin som tar utgangspunkt i vestleg medisin, og kombinerer dette med "komplementær medisin" med fokus på kosthald og trening. Sissel Minde har i mange år utvikla hudprodukt av høg økologisk kvalitet, og er opptatt av å bruka naturlege råvarer som alternativ til uheldige og skadelege ingrediensar.

Alle oljene våre er økologisk sertifisert av Debio.