Om produkta

Ved å velja økologiske planteoljer til hudpleie, aromaterapi, massasje og kosmetikkproduksjon tar du ansvar for di eiga og kundane dine si helse. Du er også med og tar vare på naturen og miljøet. 

Alle Salome sine produkt er basert på naturlege og økologiske råstoff. Sidan oljer ikkje treng noka form for konservering, finn du ikkje paraben i våre oljer. Du vil heller ikkje finna restar av plantevernmiddel i oljene. Ingen produkt er tilsett kunstig farge eller andre syntetiske ingrediensar. Dei er heller ikkje testa på dyr.

Det du derimot vil finna, er planteoljer som har levd det gode liv på naturen sine premissar. Oljene er pressa med varleg hand for at du skal få nyta og nytta alle gode vitamin. Planteoljer har, som alt liv, si fastsette levetid. Denne prosessen går seinare om du oppbevarer oljene kjøleg. 

Alle Salome sine oljer er økologiske og sertifisert hjå Debio. Alle oljene er kaldpressa og uraffinerte.

Vi ynskjer at Salome sine oljer skal vera til glede for deg!