Om oss

profilbilde Sissel MindeSalome AS er ei familiebedrift som held til i Bergen. Dagleg leiar er Sissel Minde.

Me ynskjer at Salome skal gje ei oppleving av glede og overskot med økologisk og etisk forankring.

Dei verdiane som ligg til grunn for verksemda vår, er kvalitet og oppriktigheit. Me sikrar dette ved at alle produkta våre er økologiske. Det betyr at du får oljer av absolutt beste kvalitet. Det betyr også at produkta ikkje inneheld løyndomar av noko slag. 

Me ynskjer også å arbeida etter prinsippet om rettferdig handel. Våre leverandørar av oljer arbeider tett saman med bønder og landsbyfellesskap i mange ulike land. Ved å leggja til rette for utvikling og eksport sikrar ein produsentane maksimal avkastning, gode arbeidsvilkår, god betaling og muligheiter for å nå ein stor marknad.

Gåveposane våre er handlaga i Nepal etter prinsippet for rettferdig handel. Papiret er laga av planten lokta, som veks opp att innan 4 år. Den fyller dermed krava våre om sunn forvalting av ressursane.

grønt punkSalome AS er medlem av Grønt Punkt. Me deltar på den måten aktivt i næringslivet sin dugnad for innsamling og attvinning av emballasje og betaler vederlag til materialselskapa.

Etikettrykkeriet som me nyttar, tar miljøansvar ved m.a. å bruka miljøvenleg fargepasta.

Salome er medeigar i Helsekjelda AS. Sissel Minde er tilsett i Helsekjelda som produktutviklar og produsent. Helsekjelda produserer helsekremar med aktive ingrediensar som kroppen har nytte av. Helsekjelda sine produkt kan ein kjøpa her i Salome sin nettbutikk.

Salome er glad produsent av Gry Hammer sine kosmetiske produkt. Me er også produsent av hennar produkt Honningfrisk. Du kan kjøpa dei her i Salome sin nettbutikk.