Om Debio

Debio er det norske kontrollorganet for økologiske varer. Debio sitt kjenneteikn er Ø-merket. Salome AS er godkjent av Debio for import, foredling og omsetnad av økologiske varer. 

På grunnlag av denne sertifiseringa garanterer Salome

  • at innhaldet ikkje har vore sprøyta med kjemiske/syntetiske plantevernmiddel
  • at det ikkje har vore nytta kunstgjødsel
  • at det ikkje er tilsett kunstig farge eller aroma
  • at råvarene ikkje er genmanipulert
  • at det er nytta skånsame utvinningsmetodar
  • at alle ingrediensar er deklarert

Du kan lesa meir om Debio på nettsidene deira: debio.no

Du kan sjå Salome si Debiogodkjenning her (pdf ).