

Produktomtale
Andre interessante produkt
Bivoks økologisk
Bivoks vert brukt som konsistensgjevar i salvar, leppepomadar, kroppsmør m.m.
Bivoks er også mykje brukt til produksjon av lys. Bruk av bivokslys er helsemessig betre enn parafin- og stearinlys. Han vert også brukt til impregnering av lær og treverk.
Bivoksen vert selt i muffins-størrelse à 50 g.
Bivoks er eit fast feittstoff som smeltar ved 61-65 grader. Bivoks harsknar ikkje som anna feittstoff, og det vert difor ikkje operert med holdbarheitsdato på bivoks.
Salome sin bivoks er norsk.
Bivoks er ein av ingrediensane i Salome Kroppssmør.
Lag ringblomsalve med Salome Bivoks.
Bivoks er ein av ingrediensane i skoimpregnering.
Biene produserer bivoks gjennom åtte kjertlar på undersida av bakkroppen. Av voksen byggjer dei hexagonale celler der dei oppbevarer egg, honning og pollen. Bivoksen er i utgangspunktet kvit. Gulfargen kjem frå karotenoid i dei feittløyselege stoffa i pollen. Karotenoid er sterke antioksidantar, som også kan danna A-vitamin.
INCI: Cera Alba