Prøv å laga dine eigne hudpleieprodukt! Det er superenkelt og gir deg ei god kjensle av å ha kontroll med kva du tilfører huda di. Dette kroppssmøret kan du bruka til det meste. Smør det gjerne på kroppen etter ein dusj, medan huda enno er fuktig. Det vert lettare absorbert slik. Bruk det elles til leppepleie og ekstra tørre hudparti. Det er også fint som ein kuldekrem, til både vaksne og born. Kroppssmøret kan gje lindring ved eksem og psoriasis.

20 g bivoks

100 g sheasmør

50 ml jojobaolje

Smelt ingrediensane i vassbad. Rør i blandinga undervegs, og ta henne av varmen så snart alt har smelta. Det er viktig at blandinga ikkje vert for varm, då dei gode vitamina i feittstoffa vert øydelagde ved høg temperatur. Avkjøl litt, og hell på krukker.

Om du heller vil ha pakke med ferdig oppvegde ingrediensar, kan du kjøpa kit her.

Salome sine oljer og feittstoff er økologiske, og kjem frå plantar som har levd det gode liv. Dei har fått veksa i sin naturlege fart og ikkje vorte utsett for giftstoff frå sprøytemiddel.