Blogg

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Terapeutiske bad:

Bland ut dei eteriske oljene i god planteolje, tapp i vatnet og ha i oljeblandinga like før du går oppi. Hugs å bruka lågare dosering dersom du nyttar oljer som kan verka hudirriterande.

Blandingshøve til 5 – 10 ml planteolje, til dømes mandel-, tistel-, jojoba- eller sesamolje:

Vaksne: 5-8 dropar eterisk olje

Gravide og ammande: 2-4 dropar eterisk olje

Eldre eller svakelege: 2-4 dropar eterisk olje

Born 6-12 år:  3-4 dropar eterisk olje

Born 2-6 år: 1-2 dropar eterisk olje

Born 1-2 år: 1 drope eterisk olje

Fine, milde oljer for å roa ned born om kvelden og fremja god søvn: romersk kamille, lavendel. Følg dosering for born og pass på at små born ikkje får olje i andletet eller på hender som kan puttast i munnen.

 

Oppskrifter til terapeutiske bad, vaksendosering: 

Roande kveldsbad

1.) 4 droper lavendel, 2 droper romerske kamille,

2.) 1 drope ylang-ylang, 3 dropar appelsin

Immunstimulerande bad:

1.) 3 dropar furunål og  og 3 dropar lavendel

2.) 2 dropar niaouli, 3 dropar lavendel, 2 dropar bergamot

 

Eteriske oljer kan også blandast i shampo og balsam utan parfyme. Bruk ca 10 dropar eterisk olje til 100 ml shampo, balsam eller dusjgele. Fine oljer til håret er rosmarin, lavendel, bergamot og ylang-ylang.

Ansiktsolje

30.11.2016

Lag Salome si økologiske ansiktsolje:

90 g (100 ml) tistelolje  

30 g (33 ml) nattlysolje

20 g (22 ml) nypefrøolje  

0,1 g rosmarin antioksidant   

 

Bland dette kaldt og hell på flasker (f.eks.3 flasker à 50 ml). Om ein ynskjer duft på ansiktsolja, kan ein f.eks. tilsetja nokre dropar ylang-ylangolje.    

Denne ansiktsolje inneheld utsøkte, pleiande oljer. Dei er spesielt rike på A-vitamin, C-vitamin og antioksidantar, som nærer og vernar huda.                                                                            

Impregnering av lær. 

Naturleg og miljøvenleg impregnering til sko:

Smelt 25 g bivoks og 100 ml olivenolje i vassbad, og hell feittblandinga i ei krukke. La det kolne.

Reingjer læret og smør impregneringa godt inn. Tørk av overflødig feitt. Deretter voksar du læret:

Smelt 10 g bivoks og 7 g olivenolje i vassbad. Smør den flytande blandinga på læret. Bruk gjerne varmen frå ein hårfønar mens du arbeider inn voksen.

 

 

Sheasmør

11.11.2015

Salome Økologisk SheasmørSheasmør har tradisjonelt vore brukt til mat, medisin, kosmetikk og i hudmiddel til vern mot sol og vind. Bruk det som det er, eller som ein ingrediens i ein salve. Oppskrift på ringblomsalve og kroppssmør.

Sheasmør er lett betennelseshemmande og har ein naturleg solfaktor på 2-3. Det inneheld allantoin, som er sårlækjande. Sheasmør kan gje lindring ved eksem og psoriasis.

Sheasmør er eit fast feittstoff som kjem frå nøtta på sheapalmen. Vi kjøper sheasmøret vårt frå Ghana. I landsbyen Pusu-Namogo er det etablert eit fellesskap for fattige kvinner, der dei haustar sheanøtter frå juni til oktober. Feittstoffet i nøttene vert skånsomt henta ut og pressa, og vert til det nydelegaste råe og uraffinerte sheasmøret på marknaden. Resten av året arbeider kvinnene m.a. med å laga såpe av sheasmøret.

I dette landsbyfellesskapet vert kvinnene sikra gode arbeidsvilkår og god betaling. Dei får undervisning i helse, og borna får gå på skule. Ved å kjøpa sheasmøret vårt her, er vi med og løfter menneske ut av fattigdom og urettferd.

Kroppssmør

20.03.2015

Prøv å laga dine eigne hudpleieprodukt! Det er superenkelt og gir deg ei god kjensle av å ha kontroll med kva du tilfører huda di. Dette kroppssmøret kan du bruka til det meste. Smør det gjerne på kroppen etter ein dusj, medan huda enno er fuktig. Det vert lettare absorbert slik. Bruk det elles til leppepleie og ekstra tørre hudparti. Det er også fint som ein kuldekrem, til både vaksne og born. Kroppssmøret kan gje lindring ved eksem og psoriasis.

20 g bivoks

100 g sheasmør

50 ml jojobaolje

Smelt ingrediensane i vassbad. Rør i blandinga undervegs, og ta henne av varmen så snart alt har smelta. Det er viktig at blandinga ikkje vert for varm, då dei gode vitamina i feittstoffa vert øydelagde ved høg temperatur. Avkjøl litt, og hell på krukker.

Salome sine oljer og feittstoff er økologiske, og kjem frå plantar som har levd det gode liv. Dei har fått veksa i sin naturlege fart og ikkje vorte utsett for giftstoff frå sprøytemiddel.

 

Bivoks

13.03.2014

Biene produserer bivoks gjennom åtte kjertlar på undersida av bakkroppen. Dei tygg denne bivoksen, og brukar han så til byggjemateriale i kuben. Voksen er i utgangspunktet kvit. Gulfargen kjem frå karotenoid i dei feittløyselege stoffa i pollen. Karotenoid er sterke antioksidantar, som også kan danna A-vitamin.

Bivoks vert brukt som konsistensgjevar i salvar, leppepomadar, kroppssmør m.m. Lag dine eigne produkt ved forsiktg å varma opp bivoks og utvalde oljer, som f.eks. denne ringblomsalven:

Ringblomsalve

17 g bivoks

17 g sheasmør

92 g (100 ml) ringblomolje

Dette er passande til 3 stk. 50 ml-krukker.

Smelt ingrediensane i vassbad. Rør i blandinga undervegs, og ta henne av varmen så snart alt har smelta. Det er viktig at blandinga ikkje vert for varm, då dei gode vitamina i feittstoffa vert øydelagde ved høg temperatur. Avkjøl litt og hell på krukker.

Dette er ein god sårsalve. Bruk han på småsår og rifter, irritert og sår hud og lett utslett. Eller bruk han som leppepomade og til ekstra tørr hud på olbogar og hælar. Han er også fin som ein stellesalve.

Du kan lesa meir om ringblomen sine gode eigenskapar i Rolv Hjelmstad sitt planteleksikon.

 

Lys

Bivoks er mykje brukt til produksjon av lys. Bruk av bivokslys er helsemessig betre enn parafin- og stearinlys. Lysa brenn med klar flamme utan å sota, og vert mykje brukt i katedralar for å verna kunstverk.

 

Oljer til massasje

05.10.2012

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Eteriske oljer er fine å blanda saman med gode planteoljer til massasje. Dei eteriske oljene blir på denne måten absorbert av huda og transportert rundt om i kroppen. Når me pustar inn dufta av oljene, kan også denne påverka oss kjenslemessig og mentalt ved å verka anten avslappande og roande, oppløftande, stimulerande eller balanserande. Den terapeutiske effekten er avhengig av kva oljer ein tek i bruk. Dei eteriske oljene er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.

Dosering:

Bland alltid eteriske oljer i ei planteolje, til dømes mandel-, tistel-, jojoba- eller sesamolje.

Til 25 ml planteolje brukar du:

Vaksne: 5-8 dropar eterisk olje

Gravide og ammande: 2-4 dropar eterisk olje

Eldre eller svakelege: 2-4 dropar eterisk olje

Born 6-12 år: 3-4 dropar eterisk olje

Born 2-6 år: 1-2 dropar eterisk olje

Born 1-2 år: 1 drope eterisk olje

 

Til friske, vaksne kan det vera greit å blanda 1-3 ulike eteriske oljer i ei blanding. Til eldre, born, gravide og ammande held det med ei eller maks to typar eterisk olje i ei blanding. Set deg inn i kva oljer som er trygge i bruk før du går i gang. Generelt milde oljer er lavendel, mandarin, kamille og appelsin.

Dosering bør tilpassast etter kva oljer ein brukar og om mottaker er robust eller spebygd. Det er betre med ei mild blanding enn ei som er for sterk. Mykje hemmar og lite fremjer.

Fine, milde oljer for å roa ned born om kvelden og fremja god søvn: mandarin, romersk kamille, lavendel. Følg dosering for born og pass på at små born ikkje får olje i andletet eller på hender som kan puttast i munnen. Ein drope rein lavendel oppå dyna kan også vere nok.


Oppskrifter til massasje (i 25 ml planteolje), vaksendosering:

Oppfriskande energi-blanding:

1.) 3 dropar rosmarin, 3 dropar grapefrukt

2.) 2 dropar furunål, 3 dropar bergamott

3.) 2 dropar geranium, 2 dropar peparmynte

 

Blanding for muskelverk:

1.) 2 dropar peparmynte, 3 dropar rosmarin, 3 dropar lavendel

2.) 2 dropar ingefær, 4 dropar rosmarin

 

Avslappande og roande blanding:

1.) 3 dropar appelsin, 2 dropar romersk kamille, 2 dropar lavendel

2.) 2 dropar ylang-ylang, 3 dropar appelsin

ReinseoljeÅ reinsa huda med oljer er ein gammal metode. Den er i dag henta fram att og er blitt populær som eit naturleg alternativ til reinsing med vannbaserte produkt, som inneheld emulgeringsmiddel og konservering.

Ein nyttar ofte ricinusolje og olivenolje. 

Ricinusolja er ei svært feit olje med spesielle eigenskapar.  Ho fjernar effektivt  feitt og smuss, inkludert sminke. Ho er antibakteriell og kan ha god effekt på acnehud.

Olivenolja er ei god hudolje som tilfører fukt og vitamin til huda.

Blandingsforhold ved normal hud er 50/50. Ved tørr hud aukar ein andelen av olivenolja, og ved feit hud aukar ein andelen av ricinusolje.

Reinseolje

100 ml ricinusolje

100 ml olivenolje

Bland dette kaldt og hell på flasker. Om ein ynskjer duft på reinseolja, kan ein f.eks. tilsetja 20-30 dropar grapefruktolje.

Om du heller vil ha ferdiglaga reinseolje, kan du kjøpa Salome Reinseolje,  som har eit blandingsforhold på 50/50.

Slik reinsar du huda med oljereins:

Ta litt olje i hendene og masser henne godt inn i ansiktshuda. Ha ein vaskeklut i godt varmt vatn og vri han opp. Hald han over ansiktet så porene opnar seg. Tørk deretter av olja i ansiktet. Gjer dette ein gong til. Du vil med dette få med deg feitt, smuss og døde hudceller. Deretter har du kaldt vatn i ansiktet for å lukka porene. Om du kjenner at huda strammer litt, kan du smørja deg med eit par dråpar olivenolje eller Salome Ansiktsolje, som er ei lett og næringsrik olje.