Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
- Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
- Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
- Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.
Inhalering:
Inhalering av eteriske oljer er fint å nytta ved forkjøling og luftvegsinfeksjonar. Ved tidleg bruk kan det kan hindra forkjølinga i å bryta ut. Dersom ein har astma, bør ein imidlertid vera varsam med denne metoden, ettersom den varme dampen kan utløysa anfall hjå enkelte. Ein tilrår det heller ikkje til born.
Kok opp vatn og ha over i eit kar. Sit klar med handduk over hovudet og bøy deg over fatet. Ha i 2-3 dropar eterisk olje, og pust roleg inn gjennom nasa, med augene lukka. Sit slik i nokre minutt, til oljene er fordampa. Gode oljer til luftvegane er lavendel, niaouli, furu, timian, bergamott og appelsin. Kan gjerast etter behov 1- 3 gongar dagleg i inntil ei veke.
Ein kan også inhalera oljene ved å ha 2-3 dropar olje på ein rein klut og puste inn. Dette kan ein bruke ved til dømes kvalme og reisesjuke. Gode oljer til dette er peparmynte, appelsin og ingefær.