Peparmynteolje økologisk

‹ Vis fleire Eteriske oljer

Produktomtale

Andre Eteriske oljer

Peparmynteolje økologisk

INCI: Mentha Piperita Oil

Opphavsland: England

Eterisk olje av peparmynte er forfriskande, kjølande og styrkjande. Olja verkar kvalmestillande, og er god ved reisesjuke og fordøyingsplager. Peparmynteolje har god effekt på luftvegane, er slimløysande og kan hjelpa ved bronkitt, forkjøling, hoste og astma. Ho har bedøvande effekt på huda og er lindrande ved hovudverk. Går godt saman med lavendel og rosmarin.

Bruksområde: massasje, kompress, innhalering, gurgling, aromavifte/spray

Oppskrifter til massasje.

Oppskrift til gurgling ved forkjøling.

Kontraindikasjonar: kan verka hud- og slimhinneirriterande på sensitive personar. Skal ikkje brukast saman med homøopatmedisin eller på små born.

Naturlege komponentar: limonen, linalool

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.