Eteriske oljer til aromavifte/spray

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Aromavifte/spray:

Ein kan fordela eteriske oljer i rommet ved å bruka aromavifte, oljebrennar eller spray. Dette gjer ein for å friska opp og reinsa lufta, eller for å påverka humør og sansar.  Til aromavifte og oljebrennar nyttar ein 5 – 8 dropar eterisk olje. Til ei sprayflaska blandar ein 10 dropar eterisk olje i 100 ml vatn. Ettersom alle dei eteriske oljene  i meir eller mindre grad er antibakterielle og antivirale, er dei òg fine å bruke i rommet for å unngå forkjøling og anna luftboren smitte. I tillegg gir dei rommet ei behageleg duft. 

Tilbake til bloggen