Oljer til massasje

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Eteriske oljer er fine å blanda saman med gode planteoljer til massasje. Dei eteriske oljene blir på denne måten absorbert av huda og transportert rundt om i kroppen. Når me pustar inn dufta av oljene, kan også denne påverka oss kjenslemessig og mentalt ved å verka anten avslappande og roande, oppløftande, stimulerande eller balanserande. Den terapeutiske effekten er avhengig av kva oljer ein tek i bruk. Dei eteriske oljene er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.

Dosering:

Bland alltid eteriske oljer i ei planteolje, til dømes mandel-, tistel-, jojoba- eller sesamolje.

Til 25 ml planteolje brukar du:

Vaksne: 5-8 dropar eterisk olje

Gravide og ammande: 2-4 dropar eterisk olje

Eldre eller svakelege: 2-4 dropar eterisk olje

Born 6-12 år: 3-4 dropar eterisk olje

Born 2-6 år: 1-2 dropar eterisk olje

Born 1-2 år: 1 drope eterisk olje

 

Til friske, vaksne kan det vera greit å blanda 1-3 ulike eteriske oljer i ei blanding. Til eldre, born, gravide og ammande held det med ei eller maks to typar eterisk olje i ei blanding. Set deg inn i kva oljer som er trygge i bruk før du går i gang. Generelt milde oljer er lavendel, mandarin, kamille og appelsin.

Dosering bør tilpassast etter kva oljer ein brukar og om mottaker er robust eller spebygd. Det er betre med ei mild blanding enn ei som er for sterk. Mykje hemmar og lite fremjer.

Fine, milde oljer for å roa ned born om kvelden og fremja god søvn: mandarin, romersk kamille, lavendel. Følg dosering for born og pass på at små born ikkje får olje i andletet eller på hender som kan puttast i munnen. Ein drope rein lavendel oppå dyna kan også vere nok.


Oppskrifter til massasje (i 25 ml planteolje), vaksendosering:

Oppfriskande energi-blanding:

1.) 3 dropar rosmarin, 3 dropar grapefrukt

2.) 2 dropar furunål, 3 dropar bergamott

3.) 2 dropar geranium, 2 dropar peparmynte

 

Blanding for muskelverk:

1.) 2 dropar peparmynte, 3 dropar rosmarin, 3 dropar lavendel

2.) 2 dropar ingefær, 4 dropar rosmarin

 

Avslappande og roande blanding:

1.) 3 dropar appelsin, 2 dropar romersk kamille, 2 dropar lavendel

2.) 2 dropar ylang-ylang, 3 dropar appelsin

Tilbake til bloggen