Romersk kamille eterisk olje økologisk
Romersk kamille eterisk olje økologisk
Eterisk olje frå romersk kamille roar og lindrar. Ho er ei svært god olje mot søvnløyse, uro og nervøst stress. Ho inneheld azulen som dempar betennelsar og gjer ho til ei fin hudolje ved sår, irritert hud og eksem. Olja er krampeløysande, antiseptisk, feberstillande og hudlækjande, og difor fin mot PMS, menssmerter, kolikk og magekrampe, hovudverk, øyreverk og luftvegsinfeksjonar. Ei mild og fin olje til born.
Bruksområde: massasje, hudpleie, kompress, bad, inhalering, aromavifte/spray
Kontraindikasjonar: bør ikkje nyttast av gravide dei fire fyrste månadene av svangerskapet.
Sertifisert økologisk av Debio
Til UTVORTES bruk.
Oppskrifter til massasje.
Oppskrifter til terapeutiske bad.
Naturleg komponent: limonen
INCI: Anthemis Nobilis Oil
Opphavsland: Ungarn
Best før: 12.2025
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!