Oljer til terapeutiske bad

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Terapeutiske bad:

Bland ut dei eteriske oljene i god planteolje, tapp i vatnet og ha i oljeblandinga like før du går oppi. Hugs å bruka lågare dosering dersom du nyttar oljer som kan verka hudirriterande.

Blandingshøve til 5 – 10 ml planteolje, til dømes mandel-, tistel-, jojoba- eller sesamolje:

Vaksne: 5-8 dropar eterisk olje

Gravide og ammande: 2-4 dropar eterisk olje

Eldre eller svakelege: 2-4 dropar eterisk olje

Born 6-12 år:  3-4 dropar eterisk olje

Born 2-6 år: 1-2 dropar eterisk olje

Born 1-2 år: 1 drope eterisk olje

Fine, milde oljer for å roa ned born om kvelden og fremja god søvn: romersk kamille, lavendel. Følg dosering for born og pass på at små born ikkje får olje i andletet eller på hender som kan puttast i munnen.

 

Oppskrifter til terapeutiske bad, vaksendosering: 

Roande kveldsbad

1.) 4 droper lavendel, 2 droper romerske kamille,

2.) 1 drope ylang-ylang, 3 dropar appelsin

Immunstimulerande bad:

1.) 3 dropar furunål og  og 3 dropar lavendel

2.) 2 dropar niaouli, 3 dropar lavendel, 2 dropar bergamot

 

Eteriske oljer kan også blandast i shampo og balsam utan parfyme. Bruk ca 10 dropar eterisk olje til 100 ml shampo, balsam eller dusjgele. Fine oljer til håret er rosmarin, lavendel, bergamot og ylang-ylang.

Tilbake til bloggen