Rosmarinolje økologisk

‹ Vis fleire Eteriske oljer

Produktomtale

Andre Eteriske oljer

Rosmarinolje økologisk

Eterisk olje av rosmarin er oppkvikkande og stimulerande. Ho skjerpar konsentrasjonen og klarnar hovudet. Rosmarinolje er immunstyrkjande, krampeløysande, blodtrykkshevande, nervestyrkjande og kretslaupstimulerande. Olja er òg smertelindrande og er ei særs god olje ved vond og sliten muskulatur, forstuvingar, reumatisme og gikt, i tillegg til hovudverk og svimmelheit. Stimulerer hårveksten. 

Bruksområde: massasje, kompress, bad, inhalering, aromavifte/spray

Kontraindikasjonar: Skal ikkje brukast ved høgt blodtrykk, graviditet, epilepsi eller saman med homøopatmedisin.

Oppskrift til massasje.

INCI: Rosmarinus Officinalis Oil

Naturlege komponentar: limonen, linalool

Opphavsland: Tunisia 

Best før: 02.2023

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!