Ylang-ylangolje økologisk

‹ Vis fleire Eteriske oljer

Produktomtale

Andre Eteriske oljer

Ylang-ylangolje økologisk

INCI: Cananga Odorata Oil    Opphavsland: Madagaskar

Eterisk olje av ylang-ylang er søt og eksotisk med opplyftande eigenskapar. Olja verkar hudlækjande, roande og blodtrykksenkjande. Ho er antiseptisk og hormonblanserande, og skal også ha euforiske og erotisk stimulerande eigenskapar. Ylang-ylangolje er ei av dei beste oljene mot stress og uro. Ho roar ned pusten og hjelper ved hjartebank.

Bruksområde: massasje, hudpleie, bad, innhalering, aromavifte/spray

Oppskrifter til massasje.

Oppskrifter til terapeutiske bad.

Kontraindikasjonar: ved overdriven bruk kan olja gje hovudverk og kvalme for enkelte.

Naturlege komponentar: benzylbenzoat, farnesol, linalool, benzylsalicylat, geraniol, eugenol, limonen

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.