Furunål eterisk olje økologisk
Furunål eterisk olje økologisk
Debiosertifisert.
Eterisk olje frå furu er stimulerande og oppfriskande. Ho stimulerer produksjon av kvite blodceller, verkar krampeløysande, slimløysande og antiseptisk. Dette er ei særskild god olje for luftvegane, både ved infeksjonar, astma, bronkitt, hoste og biholebetennelse. Olja er også soppdrepande, vassdrivande og god ved muskelsmerter, reumatisme og leddgikt. Går godt saman med einer, bergamott og lavendel.
Bruksområde: massasje, bad, inhalering, aromavifte/spray
Oppskrifter til massasje.
Oppskrifter til terapeutiske bad.
Kontraindikasjon: kan verka hudirriterande. Bruk difor låg dosering.
Til UTVORTES bruk.
Naturleg komponent: limonen.
Opphavsland: Frankrike
Best før: 12.2025
INCI: Pinus Sylvestris Oil
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!