Lavendelolje økologisk

Salome

‹ Vis fleire Eteriske oljer

Produktomtale

Andre Eteriske oljer

Lavendelolje økologisk

Salome Lavendelolje er ei alpelavendelolje (high altitude), og veks 1500 moh. Ho vert rekna for å ha den finaste aromaen av alle lavendeloljene, og det høge innhaldet av ester gjer at olja har ekstra roande eigenskapar.

Eterisk olje av lavendel har ein særeigen styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar cellefornyande, hudpleiande og smertestillande, og kan lindra hovudverk, ømme musklar, slag og forstuvningar. Olja er også antiseptisk og soppdrepande. Lavendelolje kan nyttast ufortynna på hud, ved f.eks. insektstikk, mindre brannsår, rifter og liknande. Ho er god ved stress og søvnløyse. 

Bruksområde: massasje, bad, hudpleie, kompress, gurgling, inhalering, aromavifte/spray

Oppskrifter til massasje.

Oppskrifter til terapeutiske bad.

Kontraindikasjonar: skal ikkje brukast dei fire fyrste månadene i svangerskapet.

Naturlege komponentar: linalool, sitral, geraniol, limonen

Opphavsland: Frankrike

Best før: 09.2024

INCI: Lavandula Angustifolia Oil (High Altitude)

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!