Niaouliolje økologisk

‹ Vis fleire Eteriske oljer

Produktomtale

Andre Eteriske oljer

Niaouliolje økologisk

INCI: Melaleuca quinquinervia Oil

Opphavsland: Madagaskar

Eterisk olje av niaouli har styrkjande og lindrande eigenskapar. Niaouli er i slekt med tea tree. Olja stimulerer immunforsvaret, aukar produksjonen av kvite blodceller og er antibakteriell, antiviral, sopphemmande febernedsetjande og slimløysande. Ho er fin å bruka i starten av ei forkjøling eller influensa. Olja er òg god ved reumatisme, muskelsmerter og nevralgi , då ho er smertestillande. Verkar sårlækjande og styrkjande på huda, og er god mot bærekatarr og urinvegsinfeksjon. 

Bruksområde: massasje, bad, gurgling, innhalering, hudpleie, aromavifte/spray

Oppskrifter til terapeutiske bad.

Kontraindikasjonar: skal ikkje nyttast saman med homøopatiske midlar.

Naturlege komponentar: limonen, linalool

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.