Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
- Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
- Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
- Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.
Gurgling:
Ved plager i munn og svelg, slik som munnsår eller halsbetennelse, kan ein nytta eteriske oljer til å gurgle munnen med for å verta raskare frisk. Gurgling med eteriske oljer er også fint å nytta ved forkjøling og luftvegsinfeksjonar. Ved tidleg bruk kan det kan hindra forkjølinga i å bryta ut. Gode oljer til dette er tea tree og peparmynte. Ein brukar 2-3 dropar olje i eit halvt glas vatn, tar små slurkar og gurglar munn og hals før ein spyttar ut. NB! Skal ikkje svelgjast. Gjer dette 1-3 gongar pr. dag.