Timianolje økologisk

‹ Vis fleire Eteriske oljer

Produktomtale

Andre Eteriske oljer

Timianolje økologisk

INCI: Thymus Vulgaris Oil     Opphavsland: Spania

Eterisk olje av timian verkar oppkvikkande og varmande på kroppen. Olja er særs antibakteriell, antiviral og immunstimulerande. Ho aukar produksjonen av kvite blodceller, betrar sirkulasjonen og aukar blodtrykket. Ho er fordøyingsfremjande og slimløysande, og er ei effektiv olje ved infeksjonar og luftvegslidingar som hoste, forkjøling, astma og bronkitt. Timian skjerpar konsentrasjonen og verkar styrkjande.

Bruksområde: massasje, innhalering, aromavifte/spray

Kontraindikasjonar: skal ikkje brukast av gravide og born eller ved høgt blodtrykk. Kan verka hudirriterande, bruk låg dosering. Bør ikkje brukast over lengre periodar av gongen.

Naturlege komponentar: linalool, limonen, benzylbenzoat, geraniol

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.