Lag Salome si økologiske ansiktsolje:
90 g (100 ml) tistelolje
30 g (33 ml) nattlysolje
20 g (22 ml) nypefrøolje
Bland dette kaldt og hell på flasker (f.eks.3 flasker à 50 ml). Om ein ynskjer duft på ansiktsolja, kan ein f.eks. tilsetja nokre dropar ylang-ylangolje.
Denne ansiktsolje inneheld utsøkte, pleiande oljer. Dei er spesielt rike på A-vitamin, C-vitamin og antioksidantar, som nærer og vernar huda.