Blogg

Kokosolje

02.07.2012

Salome økologisk kokosolje er kaldpressa, uraffinert og sjølvsagt Debio-sertifisert. Dette er Raw kokosolje av beste kvalitet! 

Kokosolje er eit fast feittstoff som smeltar ved 25-28 grader. Ho smakar og luktar nydeleg av kokos, og er svært populær som kosttilskot og til matlaging.

Kokosolje er ein ypperleg basis i massasjeoljer. Ho vert også nytta til hudpleie, og er ein god konsistensgjevar i kremproduksjon. Brukt i såpeproduksjon gir kokosolje eit rikt skum.

Lavendelolje

23.04.2012

lavendelolje

Lavendelolje er ei av dei mest brukte eteriske oljene våre. Ho vert framstilt ved dampdestillasjon, og det går med 200 kg blomster for å utvinna 1 liter eterisk olje. Ho er ei av svært få eteriske oljer som kan brukast ufortynna på huda, men det er tryggast å blanda ho i ei baseolje. 

Lavendelolje verkar balanserande på sinnet. Ho dempar stress og uro, og styrkjer når ein er trøytt og sliten.

På huda har lavendelolje avkjølande, antiseptisk og cellefornyande effekt, og vil kunna lindra lette forbrenningar.

Lavendelolje er ei av få oljer som kan brukast til babyar og born.

Du kan lesa meir om lavendel på http://rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/lava_ang.htm

Oppskrifter, vaksne:

Roande massasjeolje: 6 - 8 dråpar lavendelolje til 30 ml baseolje (f.eks. mandelolje, jojobaolje, sesamolje). Tilset også gjerne 2 - 3 dråpar romersk kamilleolje  for å auka verknaden.

I badevatnet: Ha 5 dråpar i litt baseolje, flyande såpe eller havsalt, og ha dette i badevatnet.

Duftlampe: 2 dråpar lavendelolje og 1 dråpe romersk kamilleolje i vatn over ein brennar.

Oppskrifter, born:

Roande og søvnfremmande olje til massasje: 1 dråpe lavendelolje til 30 ml baseolje.

Grapefruktolje

12.10.2011

Grapefruktolje er ei eterisk olje som er kjent for å verka mildt stimulerande og oppløftande på sinnet. Den er også veleigna mot stress. Bruk gjerne olja slik:

  • Til massasje: 5 dråpar grapefruktolje og 3 dråpar furunålolje i 30 ml baseolje, f.eks. jojobaolje
  • I badekar:      5 dråpar grapefruktolje og 3 dråpar furunålolje i litt flytande såpe eller havsalt

Furunålolje er kjent for å stimulera blodsirkulasjonen og verka muskelavslappande.

Desse oljene og doseringane er berekna på vaksne.

Lukke til!