Reinseolje Å reinsa huda med oljer er ein gammal metode. Den er i dag henta fram att og er blitt populær som eit naturleg alternativ til reinsing med vannbaserte produkt, som inneheld emulgeringsmiddel og konservering.

Ein nyttar ofte ricinusolje og olivenolje. 

Ricinusolja er ei svært feit olje med spesielle eigenskapar.  Ho fjernar effektivt  feitt og smuss, inkludert sminke. Ho er antibakteriell og kan ha god effekt på acnehud.

Olivenolja er ei god hudolje som tilfører fukt og vitamin til huda.

Blandingsforhold ved normal hud er 50/50. Ved tørr hud aukar ein andelen av olivenolja, og ved feit hud aukar ein andelen av ricinusolje.

Reinseolje

100 ml ricinusolje

100 ml olivenolje

Bland dette kaldt og hell på flasker. Om ein ynskjer duft på reinseolja, kan ein f.eks. tilsetja 20-30 dropar grapefruktolje.

Om du heller vil ha ferdiglaga reinseolje, kan du kjøpa Salome Reinseolje,  som har eit blandingsforhold på 50/50.

Slik reinsar du huda med oljereins:

Ta litt olje i hendene og masser henne godt inn i ansiktshuda. Ha ein vaskeklut i godt varmt vatn og vri han opp. Hald han over ansiktet så porene opnar seg. Tørk deretter av olja i ansiktet. Gjer dette ein gong til. Du vil med dette få med deg feitt, smuss og døde hudceller. Deretter har du kaldt vatn i ansiktet for å lukka porene. Om du kjenner at huda strammer litt, kan du smørja deg med eit par dråpar olivenolje eller Salome Ansiktsolje, som er ei lett og næringsrik olje.