Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
- Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
- Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
- Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.
Eteriske oljer kan blandast i shampo og balsam utan parfyme. Bruk ca 10 dropar eterisk olje til 100 ml shampo, balsam eller dusjgele. Fine oljer til håret er rosmarin, lavendel, bergamott og ylang-ylang.