Ringblomsalve

Prøv å laga dine eigne hudpleieprodukt! Det er superenkelt og gir deg ei god kjensle av å ha kontroll med kva du tilfører huda di.

Ringblomsalve vert mykje brukt som sårsalve. Han kan gje lindring ved atopisk eksem, psoriasis og tørr hud. Bruk han som leppepomade og kuldekrem. Han er også fin som stellesalve.

Økologiske ingrediensar frå nettbutikken Salome:

17 g bivoks

17 g sheasmør 

100 ml ringblomolje

plastkrukker

Smelt ingrediensane i vassbad. Rør i blandinga undervegs, og ta henne av varmen så snart alt har smelta. Det er viktig at blandinga ikkje vert for varm, då dei gode vitamina i feittstoffa vert øydelagde ved høg temperatur. Avkjøl litt, og hell på krukker.

Tilbake til bloggen