Eteriske oljer til kompressar

Generelle reglar for tryggleik ved bruk av eteriske oljer:

  • Eteriske oljer skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born.
  • Unngå kontakt med augene og ikkje ta oljene innvortes.
  • Sensitive personar som har lett for å reagera allergisk, bør utvisa særskild varsemd og prøva seg fram forsiktig dersom dei vel å bruka eteriske oljer.
  • Eteriske oljer kan nyttast i eigenbehandling for velvære, eller for å forebyggja og behandla ulike plager, men ein bør konsultera lækjar ved tilstandar som tilseier at dette er naturleg.

Kompressar:

Ein kan behandla lokalt med eteriske oljer ved å leggja over ein kompress. Denne kan vera varm eller kald. Ein lagar kompress ved å bruka kaldt eller behageleg varmt vatn i ein bolle, blanda 3-4 dropar eterisk olje i 5 ml planteolje, og ha dette i. Legg så ein rein bomullsklut oppå vatnet, slik at denne kan trekkja til seg oljene. Deretter vrir ein forsiktig og legg kluten på det aktuelle området, gjerne med ein handduk over. La liggja på til smertene har avtatt. 

Ein nyttar kalde kompressar ved akutte smerter, slik som forstuving,  hovudverk,  strekk og slag/støt. Til dømes kan ein kjølig kompress med lavendel eller peparmynte på panna lindra hovudverk, og ein kald kompress med rosmarin og lavendel  hjelpa ved overtrakk eller muskelstrekk. Varme kompressar er gode ved kroniske plager, muskelsmerter, menssmerter og magekrampe. Ein varm kompress med merian og muskatellsalvie virkar smertedempande og kompress med kamille, appelsin eller ingefær kan lindra magekrampe.  

 

Tilbake til bloggen