Lavendelolje er ei av dei mest brukte eteriske oljene våre. Ho vert framstilt ved dampdestillasjon, og det går med 200 kg blomster for å utvinna 1 liter eterisk olje. Ho er ei av svært få eteriske oljer som kan brukast ufortynna på huda, men det er tryggast å blanda ho i ei baseolje. 

Lavendelolje verkar balanserande på sinnet. Ho dempar stress og uro, og styrkjer når ein er trøytt og sliten.

På huda har lavendelolje avkjølande, antiseptisk og cellefornyande effekt, og vil kunna lindra lette forbrenningar.

Lavendelolje er ei av få oljer som kan brukast til babyar og born.

Du kan lesa meir om lavendel på http://rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/lava_ang.htm

Oppskrifter, vaksne:

Roande massasjeolje: 6 - 8 dråpar lavendelolje til 30 ml baseolje (f.eks. mandelolje, jojobaolje, sesamolje). Tilset også gjerne 2 - 3 dråpar romersk kamilleolje  for å auka verknaden.

I badevatnet: Ha 5 dråpar i litt baseolje, flyande såpe eller havsalt, og ha dette i badevatnet.

Duftlampe: 2 dråpar lavendelolje og 1 dråpe romersk kamilleolje i vatn over ein brennar.

Oppskrifter, born:

Roande og søvnfremmande olje til massasje: 1 dråpe lavendelolje til 30 ml baseolje.