Salome
Epsomsalt
Epsomsalt
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjenge
Epsomsalt er også kjent som bittersalt, engelsk salt og magnesiumsulfat.
Magnesium og sulfat vert tatt opp gjennom huda. Dette er den mest effektive måten å få tilført minerala på.
Magnesium lindrar betennelser og muskelsmerter. Sulfat avgiftar kroppen.
Epsomsalt løyser seg opp i varmt vatn.
Karbad
Bruk 200 g Epsomsalt til eit bad. Begynn gjerne med ei mindre mengd, for så gradvis å auka dosen. Ved riktig mengd vil ein kjenna seg avslappa og avstressa. Av den grunn vert det tilrådd som kveldsbad. Sit i badekaret i maks 20 min. Ein skal ikkje bruka såpe eller tilsetja noko anna til badevatnet. Ein treng ikkje dusja av saltet til slutt.
Fotbad
Bland 50 g Epsomsalt til eit vanleg fotbad. Sit med føtene i vatnet i 20 min.
Svampvasking
Bland 2 ss Epsomsalt til 1 dl varmt vatn. Fukt ein liten vaskeklut (eller svamp) i vatnet og vri den lett opp. Stryk kluten/svampen over armen frå handleddet til albuen nokre gongar. Dette kan også gjerast rundt ankel og på baksida av føtene.
Sulfat er nødvendig i biokjemiske prosesser, som å avgifta kroppen for skadelege stoff. Dette kan vera kjemikalier (f.eks. fargestoff og konserveringsmiddel) og tungmetall (f.eks. kvikksølv). Sulfat er også ein viktig faktor i mage/tarm-systemet, i tillegg til at det regulerer mesteparten av hormona i kroppen.
Magnesium er nødvendig for alle organa i kroppen. Det er viktig for signaloverføring i nervesystemet og for regulering av muskelaktivitet. Det bidrar til energiproduksjonen, og er viktig for cellevekst og reproduksjon. Ved magnesiummangel kan ein m.a.sjå muskelkrampar, engstelse, irritabilitet og søvnvanskar.
