Douglasgran eterisk olje økologisk
Douglasgran eterisk olje økologisk
Eterisk olje av Douglasgran vert brukt ved forkjøling og andre luftvegsproblem. Olja kan inhalerast eller blandast i ei baseolje og smørjast på brystet. Ho vert også brukt til massasje av vonde og slitne musklar. Douglasgranolje har ei duft av gran med ein hint av sitrus, og er mykje brukt som dufttilsetjing i hårprodukt, og til parfyme og skjeggprodukt til menn.
Bark, harpiks og nåler av Douglasgran (også kalla Oregon Pine) har vore mykje brukt av urbefolkningen i Amerika for behandling av ulike plager.
Kontraindikasjon: kan verka irriterande på sensitiv hud.
Til UTVORTES bruk.
Bruksområde: massasje, bad, inhalering, diffuser
Opphavsland: Frankrike
Best før: 04.2026
INCI: Pseudotsuga menziesii Brach/Leaf Oil
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!