Sitronelle eterisk olje økologisk
Sitronelle eterisk olje økologisk
Eterisk olje av sitronelle er frisk og stimulerande. Olja verkar opplyftande, vassdrivande, febernedsetjande og antiseptisk. Sitronelle er dessutan innsektfordrivande og luftrensande, og er saman med lavendel og geranium eit godt middel for å halda myggen vekke.
Bruksområde: massasje, aromavifte/spray
Kontraindikasjonar: kan gje hudirritasjon hjå sensitive personar, bruk låg dosering. Bør ikkje brukast på små born. Unngå bruk under graviditet.
Sitronelleolje er ein av ingrediensane i flåttmiddel.
Naturlege komponentar: geraniol, sitronellol, sitral, limonen, eugenol, linalool
Sertifisert økologisk av Debio.
Til UTVORTES bruk
INCI: Cymbopogon Winterianus Oil
Opphavsland: Indonesia
Best før: 10.2026
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!