Myrraolje økologisk

Salome

‹ Vis fleire Eteriske oljer

Produktomtale

Andre Eteriske oljer

Myrraolje økologisk

Eterisk olje av myrra har ein djup og søt aroma med ein hint av røyk. Myrraolje er antibakteriell og sårlækjande, og er veleigna for tørr, sår og moden hud.  Myrraolje er roande og vert gjerne brukt sammen med frankincense ved meditasjon og kontemplasjon. 

Olja har ein litt seig konsistens. Set gjerne flaska i varmt vatn ei stund før bruk, så vert olja meir flytande. Smør gjerne med kokosolje rundt flaskeopninga, då restar av myrraolja vil stivna og dermed gjera det vanskeleg å få av korken.

Kontraindikasjonar: må ikkje brukast under graviditet.

Bruksområde: massasje, hudpleie, aromavifte/spray.

Oppskrifter til massasje

Opphavsland: Somalia

Best før: 04.2024

INCI: Commiphora Myrrha Oil

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!