Nellik eterisk olje økologisk
Nellik eterisk olje økologisk
Nellikolje har ei søt krydderlukt.
Nellikolje verkar immunstyrkjande, betennelsesdempande og smertelindrande. Ho har antibakterielle og soppdrepande eigenskapar, og seiest å kunna styrkja hukommelsen.
Nellik har tradisjonelt vore brukt ved tannverk og infeksjonar i munnhola. Bruk olja då i oil-pulling. Tannlegar brukar i dag ein syntetisk variant av nellik, der den kjemiske komponenten eugenol er isolert.
Nellikolje er hudirriterande, så bruk ei lav dosering av nellikolje til massasje, 1% eller mindre. Bruk den gjerne til smertestillande massasje på begrensa område.
Bruksområde: massasje, bad, inhalering, aromavifte/spray.
Kontraindikasjonar: Unngå ved høgt blodtrykk og graviditet. Kan verka irriterande på sensitiv hud.
Sertifisert økologisk av Debio.
Til UTVORTES bruk
Best før: 06.2026
Opphavsland: Sri Lanka
INCI: Eugenia Caryophyllus Bud Oil
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!