Salome
Sitrongras eterisk olje økologisk
Sitrongras eterisk olje økologisk
Kunne ikkje lasta inn hentetilgjenge
Eterisk olje av sitrongras verkar samantrekkjande og styrkjande på hudvevet, og vert brukt mot acne og store porer. Sitrongrasolje verkar stimulerande på sinnet og vert brukt ved utmatting. Ho stimulerer blodsirkulasjonen og kan vera god mot muskelverk. Olja er oppløftande og stimulerande. Sitrongrasolje er eit godt middel mot mygg.
Bruksområde: massasje, hudpleie, bad, inhalering, aromavifte/spray.
Dosering massasje
Kontraindikasjonar: kan vera hudirriterande ved høge konsentrasjonar.
Sertifisert økologisk av Debio.
Til UTVORTES bruk.
Naturlege komponentar: citral, eugenol, geraniol, limonene, linalool
Best før: 05.2027
Opphavsland: Sri Lanka
INCI: Cymbopogon Citratus Oil
Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer:
- Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk.
- Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
- Unngå kontakt med augene.
- Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
- Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!
