Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Salome

Lavendel eterisk olje økologisk

Lavendel eterisk olje økologisk

Vanleg pris kr 239,–
Vanleg pris Salspris kr 239,–
Sal Utseld
Mengd

Salome Lavendelolje er "Lavande Vraie Fine", og kjem frå plantar som veks i høge fjellområde i Provence. Ho vert rekna for å ha den finaste aromaen av alle lavendeloljene, og det høge innhaldet av ester gjer at olja har ekstra roande eigenskapar.

Eterisk olje av lavendel har ein særeigen styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar cellefornyande, hudpleiande og smertestillande, og kan lindra hovudverk, ømme musklar, slag og forstuvningar. Olja er også antiseptisk og soppdrepande. Lavendelolje kan nyttast ufortynna på hud, ved f.eks. insektstikk, mindre brannsår, rifter og liknande. Ho er god ved stress og søvnløyse. 

Bruksområde: massasje, bad, hudpleie, kompress, gurgling, inhalering, duftspreiar/diffusar/spray

Oppskrifter til massasje.

Oppskrifter til terapeutiske bad.

Kontraindikasjonar: skal ikkje brukast dei fire fyrste månadene i svangerskapet.

Naturlege komponentar: linalool, sitral, geraniol, limonen

Sertifisert økologisk av Debio

Til UTVORTES bruk

Opphavsland: Frankrike

Best før: 07.2029

INCI: Lavandula Angustifolia Oil 

Generelle tryggleiksreglar ved bruk av eteriske oljer: 

  • Eteriske oljer er sterkt konsentrerte og må blandast ut i ei planteolje før bruk. 
  • Skal oppbevarast mørkt, kjøleg og utilgjengeleg for born!
  • Unngå kontakt med augene.
  • Unngå bruk av eteriske oljer i første trimester av svangerskapet
  • Innvortes bruk av eterisk olje må berre skje under kvalifisert rettleiing!
Vis alle detaljar